Svenska A
Avsnitt 6 > Norska > Nynorska
Introduktion
Aptitretare
Avsnitt 1
Avsnitt 2
Avsnitt 3
Avsnitt 4
Avsnitt 5
Avsnitt 6
- Offentligt och privat
- Norska
Avsnitt 7
Avsnitt 8
Ins. uppgifter
Skrivträning
Klassrum

Nyorska

Statens skola för vuxna i Härnösand 2000
I dei siste seks–sju åra har det skjedd ein eksplosjon i framveksten av historiske spel i Noreg. Alle stader med respekt for seg sjølve har byrja å grava i historia for å finna det særeigne ved staden sin. Kva har hendt akkurat her? Kor er røtene våre? Korleis skal vi bruka dei i dag? Kva betyr dei for oss no? Eg spør: Kva er eit historisk spel, og korleis kan vi forstå fenomenet? I denne artikkelen skal eg diskutera to sider av dei historiske spela som er knytte til spørsmåla ovanfor.
     Det fyrste spørsmålet vil eg knyta til korleis spela plasserer seg i høve til motsetninga mellom ritual og teater. Det er hovudpoenget mitt at spela i den lokale diskursen blir omtala i termar som bind dei både til teatret og til ritualet, og det gjev dei kulturpolitisk legitimitet og lokal kraft.
     Den andre sida handlar om ein særeigen måte å forstå kva slags fenomen vi har med å gjera. Her vil eg knyta framveksten av dei lokale spela til det antropologen Jonathan Friedman har kalla for modernitetens implosjon. Mens verda blir meir og meir global gjennom moderne medium, informasjonteknologi, kapitalismen verkemåte, turismen o.a., skjer det ei tilsvarande styrking av dei lokale identitetane. I spelet mellom det globale og det lokale kjenner nasjonen seg utilpass, og han vil difor setja i verk strategiar for å styrkja det nasjonale mellomrommet. Difor spør eg om spela er kjeppar i hjula for dei nasjonale strategiane, eller om spela snarare er føde for nasjonen.

Lokale spel – frå teater til ritual og tilbake
I diskusjonen omkring teater og ritual finn ein mange motsetningspar. Her vil eg argumentera for at dei historiske spela ikkje lar seg fanga eintydig innanfor nokon av kategoriane, slik dei står fram i den lokale diskursen. I snakket om spela kan det sjå ut som om spela rommar dei begge, eller at dei er i rommet mellom teater og ritual. La oss fyrst sjå på ein modell:
[...]
     I den lokale konteksten er lokal forankring, identitet og sjølvkjensle ofte brukt i samband med dei historiske spela. Det er tydeleg at spela skal ha ein funksjon: Interessa ligg i det å plassera identiteten. Dei lokalhistoriske spela gjer sitt til å styrkja den lokale forankringa, heiter det.
     Aktørane i feltet arbeider som om det ligg ei historie og ein identitet under jorda og ventar på dei. I arbeidet med å grava fram historia og rekonstruera ho styrkjer ein den same identiteten. Tanken om at det finst ein slags kontinuitet mellom då og no, gjev identitetsprosjektet styrke. Ved å leggja vekta på identitet og funksjon blir spela knytte til ritualet. Det som er typisk ved ideen om forholdet mellom historie og identitet, er det tilsynelatande nostalgiske og arkaiske ved han.
     Den opphavlege historia blir spela så realistisk som mogeleg i oppsettinga: historiske kostyme, realistisk spelestil, ekte hestar osv. Spelet må vera mest mogeleg slik det eigentleg var. Bruken av amatørar i spelet garanterer autentisiteten, både i spelestil (dei er naturlege, jamfør bruken av amatørar i den franske naturalismen i 1890-åra) og i den lokale forankringa (dei er bokstaveleg tala frå same stad). I dei historiske spela blir staden privilegert. Staden der den historiske hendinga fann stad, dannar utgangspunktet for og garanterer autentisiteten i framsyninga. Det umogelege ved å framføra Stiklestadspelet i Oslo er openbert innanfor ei slik forståing. Utan ein stad, ikkje noko historisk spel. Gjeninnskrivinga av historia som absolutt fråvær er mogeleg gjennom staden som nærværet til historia i samtida. Autentisitet til amatørane og deira tilhørsle til staden gjer nærværet sterkare. Funksjonen til spelet er sikra: Den regionale identiteten er funnen og gjeninnskriven. Det historiske spelet står fram som eit lokalt ritual i denne samanhengen. Konteksten er heile den lokale kulturen, og innsatsen er langt på veg kollektiv. Det rituelle blir styrkt ved at mange av spela blir framførte kvart år (innsett repetisjon) på same måte (negasjon av modernismen).
     Er denne forståinga umogeleg å sameina med ei forståing av det same spelet som kunstnarleg teater? Nei. Bruken av dei profesjonelle skodespelarane garanterer den estetiske kvaliteten på framsyninga. Ved å nytta profesjonelle krefter, gjerne frå institusjonsteatra, oppnår spela også å bli dømde som kunstnarlege produkt. Dei estetiske kriteria er knytte til formspråket frå naturalismen og realismen, der det truverdige er målet.
     Dei historiske spela ligg mellom eit identitetsskapande ritual og ei teaterestetisk framsyning. Amatørane garanterer det fyrste og dei profesjonelle skodespelarane det siste. Det organisatoriske samarbeidet mellom amatørar og profesjonelle er difor hovudgarantisten for at spelet verkar som ritual, og at det blir synt fram som godt teater. Fylgjande sitat om Barbro- spelet uttrykkjer det:
     «Amatørene var veldig stolte av sitt arbeid. Det var en stor og viktig kulturell begivenhet at Vikna hadde fått sitt eget historiske spill. På premieren ble det nevnt at ‘Barbro hadde samlet Vikna til ett rike’. De profesjonelle var godt fornøyd med forestillingens kunstneriske kvalitet og med Teaterverkstedets rolle som medskaper av den kulturelle selvtilliten.»
     Det syner at spelet opererer innanfor både ei rituell og ei teaterestetisk forståing. Spelet er ritual for dei innvigde og teaterkunst for dei uinnvigde.

Lokale spel: modernitetens implosjon
Dei lokale spela kan ikkje vera autentisk arkaiske eller opphavlege. Derimot er dei uttrykk for den aukande graden av sjølvrefleksivitet som pregar moderniteten. Teoretisk eller universell kunnskap om lokal identitet, teaterfenomenet og historieforsking, og refleksjon over denne kunnskapen, er med på å forma sjølve produksjonen av dei lokale spela. Dermed er også dei lokale spela innskrivne både i namnet til moderniseringa og i grepet til globaliseringa.
     Også på andre måtar kan vi knyta dei historiske spela til korleis globaliseringa verkar. Dess sterkare verda blir globalisert, dess meir artikulerte blir dei lokale ønska om tilhørsle. Hos antropologen Friedman er desse tendensane, homogenisering og det å setja lokale skilnader, to sider av same sak. «Localization», som eg vil omsetja med lokalisasjon, er ein del av globaliseringa sjølv, og den er knytt til leitinga etter kulturelle røter og til konstruksjonen av identitet. Friedman nemner tre tendensar:

«1) Invandrare i väst får en förstärkt identitet, samtidigt som deras värdar själva blir mera medvetna om sitt etniska ursprung./../
2) Urbefolkningar som lever i nationalstaternas utkanter, till exempel samerna, /.../, upptäcker att deres rättigheter till ett eget territorium och politiskt liksom kulturellt självstyre har tagits upp på FN:s dagsordning.
3) Äldre etniska underavdelningar i Europa, både i öst og väst, vaknar till liv.»

Eg vil leggja til at den regionale og lokale kampen, som ligg på eit nivå «under» den nasjonale og etniske kampen, også høyrer til lokalisasjonen. Dei historiske spela kan ein analysera som eit uttrykk for ein lokal tendens: Min stad har ei særeiga historie, og ho har røter som kan styrkja forankringa mi til staden. Det er i prinsippet ikkje noka grense for kor liten staden kan vera. På same tid er det nye medvitet om identitet uttrykk for ein global tilstand som Friedman kallar modernitetens implosjon: «Den västerlandska hegemoniens kris er modernismens kris; det moderna identitetsrummet sprängs sönder inifrån.»
     I spelet mellom det globale og det lokale finn vi dei gamle nasjonalstatane som kjem i klemme. Dei er korkje globale eller lokale nok. Det fører til eit nytt nasjonalt medvit. Sosiologen Anthony D. Smith hevdar at i globaliseringsprosessen tyr nasjonane til ein symbolsk kulturkrig og kulturkonkurranse seg imellom. OL, festivalar, framsyning av dei nasjonale klassikarane, representative bygningar osv. er middel i ein nykonstruksjon av nasjonal identitet. For å gjennomføra desse strategiane treng nasjonen ny føde. Korleis kan dei historiske spela gjerast til mat for mons Noreg?

Anne-Britt Gran

 

Till sidans topp
Kursindex © SSVH 2000